Statsforvaltaren i Møre og Romsdal arrangerer kurs i offentleg helsearbeid for LIS1-legar, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta i Møre og Romsdal.
Registrering første kursdag er frå klokka 9.30.
Kurset startar kl. 10:00, og vi ber dykk være ute i god tid.
Læringsmål dag 1
Klagesaker, forsvarlegheit, teieplikt og meldeplikt og samtykke til helsehjelp.
Læringsmål dag 2
Trygdemedisin (sjukemeldingspraksis, uførestønad mm) og dokumentasjonsplikt, journalføring og overbehandling, førerkortforskriften og attestar og om psykisk helsevernloven.
På begge kursdagar er lunsj inkludert. Kurset er gratis for deltakarane og Statsforvaltaren dekker ein overnatting, frå 25.-26. september, for dei som bur meir enn ein times reise frå hotellet. Statsforvaltaren reserverar rom på hotellet. Påmelding gjerast ved å krysse på elektronisk påmeldingsskjema. Statsforvaltaren dekker også middag for alle deltakarane første kurskveld, på Scandic Alexandra hotell. Kryss av for middag på påmeldinga om du deltar med dagpakke, deltaking med overnatting har inkludert middag.
LIS1-leger og turnuskandidatane må sjølv søkje sine respektive kommunar om permisjon med løn. Vi viser i denne samanheng til følgjande regelverk:
Særavtalen mellom den norske Legeforening og kommunenes sentralforbund, SFS 2305, §12.5 (gyldig for perioden 1.1.2024-31.12.2025)
Refusjon reise og overnatting: Sjå vedlegg i høgremargen med informasjon om refusjon, reise og overnatting
Økonomi: Kurset er gratis. LIS1 med reisevei mindre enn 1 time, får ikke overnatting, men kan delta på middag første kursdag. Vi dekker reiseutgiftene til deltakerne.
Deltaking:
- LIS1 m/reiseveg over 1 time: Du kan delta begge dagane inkludert lunsj, middag, overnatting og frokost.
- LIS1 m/reiseveg under 1 time: Du kan delta begge dagane med dagpakke inkludert lunsj.
- Alle kan i tillegg delta på felles middag, kvelden onsdag 25. september.
Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 08.09.2024. Påmeldingsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmelding rettast til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller telefon 71 25 85 11.
Stadfesting: Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.