Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Valdags Fotball





Måndag 13.september er det val og alle skular i bygda er stengt. Søre Neset Idrettslag inviterar då alle fotballglade gutar og jenter i bygda til Valdags Fotball på Halhjem Idrettsplass.

Her kan barna kome å ha det kjekt i lag og spele fotball og kose seg. Det vil sjølvsagt bli mest fokus på leik og morro for dei yngste. Dei litt eldre vil få eit lærerikt og profesjonelt treningsopplegg, der dei vil få utfordre seg sjølve, både med og utan ball. 

Alle må ha med:

- ull over- og underdel (dersom det blir kaldt, følg med på værmeldinga)

- joggebukse og genser/fotballbukse og genser

- fotballsko og fotballsokkar

- leggbeskyttarar

- drikkeflaske

- eit ekstra kledebytte då været kan bli ein utfordring

- matpakke


Måndag 13.september 2021

Innsjekk 09:00-1000. Utsjekk 1400-1500

Pris 200 kr  

Alle barna vil få servert eit lite mellommåltid, men må ha med seg matpakke. Viktig at vi blir informert om evt allergiar/sjukdommar!

Husk å gi barna en god frokost før dei kjem!


Dersom de har spørsmål eller kommentarar er det berre å ta kontakt med Frank Haugland på mobil 90855354 evt sende ein mail til [email protected]


Då ynskjer vi alle eit godt val og vonar vi sjåast på Valdags Fotball. Vel møtt :) 








Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon